Miljø
Berekraft er
standarden vår
Sertifiseringar og praksis
Me trur at emballasje kan vere vakker og berekraftig på same tid. Det krev medvitne val — i materialar, energikjelder og sertifiseringsarbeid.
🌿
Miljøfyrtårn
Me er sertifiserte som Miljøfyrtårn-verksemd og arbeider kontinuerleg med å redusere miljøavtrykket.
☀️
Solenergi
Fabrikken produserer 200 000 kWh solenergi per år frå eige solcellepark på taket.
🌳
FSC
Alle papirbasterte materialar er FSC-sertifiserte — sporbart frå ansvarleg skogbruk.
♻️
Mono-PE
For posar og film tilbyr me mono-PE-laminat-strukturar som kan sorterast til resirkulering.
Berekraftige materialar
Me tilbyr eit aukande utval av miljøvennlege materialar: resirkulert papir, ubleika kraft, plantebaserte filmar og sertifiserte FSC-alternativ. Spør oss om kva som passar best til produktet ditt.
- Resirkulert papir: 60–100 g/m², eigna for etiketter til turr emballasje og flaske. FSC-sertifisert.
- Ubleika kraft: Naturleg brun overflate, 80–120 g/m², populær for mat- og delikatessetiketter med rustikk estetikk.
- Mono-PE-laminat: Einmaterialstruktur i polyetylen som kan sorterast til PE-resirkulering. Tilgjengeleg for posar (stand-up og flatposar) og film på rull.
- Plantebasert PLA-film: Kompostérbar innpakningsfilm basert på fornybare råvarer. Eigna for kortare holdbarheit og kjølevare.
- OPP med vassbasert lim: Klar eller kvit OPP-etikett med vassbasert akryllim — lågare emisjonar og enklare resirkulering av emballasjen.
- FSC-sertifisert papir: Alt papir me nyttar kan leverast med FSC-sporbarheit. Sertifikat er tilgjengeleg på førespurnad.